|
MEDLEMMER
OG KØYRETØY
SVK har
ca. 100 medlemmar, med om lag 300 køyretøy i tilstandar frå det enkelte nok
kallar vrak, til registrerte kjøyretøy.
Av dei vel 100 motorsyklane er 38 registrerte. Av over 170 bilar er 81
registrerte.
Vi ser i dag, spesielt blant dei unge, ei større satsing på nyare køyretøy,
som t.d. 60-tallarar, Vår otte for at desse, og også nyare køyretøy, skulle
forsvinne for godt i kverna var heldigvis noko grunnlaus.
RESTAURERINGSVERKSTADEN
RESET
Aktiviteten
og trivselen er stor på restaureringsverkstaden, der klubben og har mykje
verkøy og utstyr. Alle medlemmane kan arbeide på Reset.
FIRDALØPET - EKTE KØYREGLEDE
Vårt
hovudarrangement er Firdaløpet som samlar opptil nokre og seksti deltakarar,
og også eit stort publikum.
ANDRE ARRANGEMENT OG MEDLEMSTILBOD M.M.
Turar i
det blå, er medlemsturar med heile familien i gamle og nye køyretøy. Vi
arrangerer medlemsmøter med ulikt innhald, som t.d. kan vere reine kurs,
sosiale samankomstar med partnar og med familie, vi er med i opptog og
arrangement . Medlemmene har ofte fellesturar til andre løp og marknader og
køyrer t.d. brudepar og deltek i lokale arrangement i sitt heimdistrikt, tek
seg turar, og mykje meir.
MEDLEMSINFORMASJON
Grindaguten
som kjem ut som årshefte før årsmøtet er vårt hovudskriv. Innhaldet er
hendingane i året, sett frå medlemmer og media si side, som har samband med
klubben og medlemmane. Rundskriv av varierande storleik, og som regel med
eindel annonser, vert utsendt til medlemmene minst før kvart møte, med
innbydingar til løp og arrangement over heile landet, og medlemsinformasjon.
SVK mottek mange blad frå andre klubbar og i abonnement, og har eit bibliotek
av blad og bøker.
Firdaløpet 2008
|